Russell River Circuit         Sundag - 28/09/2002 - Sunday



I dag har vi vore i "paradis".
Det var eit slit å koma dit, men for ein plass!
Takk til bushwalking Club for at vi fekk vera med.
Leiaren klarte å fylgja stien gjennom regnskogen, også der det ikkje såg ut til å vera nokon sti.

Eg er medlem i Den norske Turistforeningen, og fann The Tableland Bushwalking Club på internett. Så eg tenkte at vi skulle delta på ein av gåturane deira medan vi var her. Og det gjorde vi i dag. Den var for erfarne medlemmer, men vi fekk delta. "This is a long and gruelling walk. Grade is hard/very hard," stod det i programmet - 9 timers tur.
Vi måtte ha eit "høgt" tempo for å klare heile rundturen før mørket.

Åsmund lurte fælt på kva han måtte delta i, for vi måtte opp klokka halv 6 for å starte turen tidleg.

Vi gjekk i nesten tre timar nedoverbakke før vi kom til første rasteplass, ein kulp i Russell River.

Så gjekk det vidare mot målet - ABC fossane. Vi skulle til B-fossen. Den siste nedoverbakken var så bratt at det var tau langs stien til å halde seg fast i. (Vi gjekk opp same bakken etterpå - blei gjennomvåt av sveitte)

Dette var verd slitet. Dette var urørt natur midt i regnskogen. Dette er så avsides at kun få folk kjem inn hit. Derfor er det heller ikkje nokon McDonalds her.
Vi var kanskje dei første nordmenn her?


Kan du tenkja deg eit forfriskande bad i kaldt krystalklart vatn etter fem timar med gåing i høgt tempo gjennom regnskogen? - på ein slik plass. Som å vera i eit paradis.

Fantastisk foss i ei hestesko gryte med hengekantar slik at vi kunne gå bak fossen. Åsmund er bak fossen på bildet til høgre ---->.

Millaa Millaa fossen er ofte brukt i turistbrosjyrer, men den er "ingenting" samanligna med denne.

Bildet er tatt frå toppen. Vi hadde rast på steinane nede til venstre.

Vi var ganske utslitt då vi kom tilbake til bilane - eit minneverdig slit.

Herlig med dusj i kveld ......

Vi antar at dette var ein mykje betre tur enn å gå åleine opp til MtBartle Frere. Så den turen dropper vi no.


Today we've been to "Paradise".

It was hard to get there, but what a
spot!
Thanks to the Bushwalking Club for taking us along. I don't know how you managed to find the track in the rainforrest, Kathy, but you certainly did a good job.

I'm a member of the Norwegian Mountain Touring Assosiation(DNT), and I found The Tableland Bushwalking Club on the internet. So I thought we should join them for one of their walks. And that's what we did the day. The walk was for experienced members only, but they let us join in. "This is a long and gruelling walk. Grade is hard/very hard," their programme said, - a 9 hours walk.
We had to have a "rather high" pace to get around the whole circuit before dark.

Åsmund wondered what he had got into, cause we had to get up at 5.30 am to get an early start.

We walked downhill for almost three hours before we had our first smokoe at a swim hole along Russell River.

Then we continued towards the aim for the hike - the ABC falls. We went to the B fall. The last hill was so steep downhill that there was a rope to hold on to along the track. (And we went up the same track afterwards - a real heart starter)

This was worth the gruelling part. Untouched nature in the middle of the rainforrest. It's so remote that only a few people come here. That's why it's still a nonMcDonalds place.
We might probably be the first Norwegians out here?


Imagine a refreshing swim in cool crystal clear water after 5 hours walk in a rather high pace in the rainforrest - at a spot like this. We felt like being in a paradise here.

Fantastic hanging waterfall with horseshoe shaped wall and a great pool. Amazing spot. Åsmund's standing behind the fall.

The Millaa Millaa fall is often used in tourist brouchures, but it's "nothing" compared to this one.

The picture to the left is taken from top of the waterfall. We had our smokoe at the rocks down-left on the picture.

We were exhausted when we came back to the cars ......... a memorable day.

The shower was  v e r y  nice today .....

We recon this was a much better hike than going alone to Mt.Bartle Frere. So we'll skip that one now.

 




I går - Martins side - Turoversikt - Neste dag
Yesterday - Martin's page - fnqtrip overview - Next day